søndag 29. januar 2012

Flinke Dagrun fekk i hui og hast før jul gjort ferdig fotoboka frå bryllaupet vårt, som blei årets julepresang til foreldre – og oss sjølve. Her følger eit lite knippe foto av fotosidene, så kvaliteten er så som så. Men ein får ein liten kikk på kor fin den er.















Og heile fotoboka kan du bla igjennom her!
Etikettar: bryllup, favorittar, fest, folk, Færøy, sommar
Ingen kommentarar »
søndag 29. januar 2012





Til glede for byens blomsterbutikkar har eg allereie fått skikkeleg nok av vinteren og snøfylte fortau. Så i vinduskarmane våre blomstrar våren for fullt, i håp om at det ein gong skal bli grønt og fargerikt også utanfor vinduet.
Etikettar: inne, maridalsveien, oslo, vinter
Ingen kommentarar »
søndag 29. januar 2012

Vi har skjønt at det er lurt å ha uro over vogga på barnerommet, og satte i gang googlinga for å finne ein fin uro. Det finst utruleg mykje stygt babyutstyr der ute, og uro-fronten er ikkje noko unntak. Men så fann vi denne fine seglbåturoen, laga i Danmark. Det viste seg imidlertid at den er bortimot umogleg å få tak i gjennom europeiske nettbutikkar, så til slutt kom den med seinpost frå USA. No heng den i stua som ein mellomstasjon på veg inn på barnerommet, og Nikolai er veldig nøgd. Han ligg stadig vekk på golvet og ser opp på uroen, som ser ut til å ha ein veldig beroligande effekt.
Etikettar: babyførebuing, inne, maridalsveien, oslo
Ingen kommentarar »
søndag 22. januar 2012
Etikettar: folk, oslo, ute, vinter
1 kjekk kommentar »
søndag 22. januar 2012

Frode inviterte på smalahove på lørdag. Eg må innrømme at dette ikkje er min favorittkjøttrett, vegetarianer som eg var i mange år. Det er noko med det auget som stirrar frå tallerkenen. Men kjøttmester Frode hadde som vanleg perfeksjonert maten, og eg må seie at dette var den beste smalahoveopplevelsen eg har hatt.

Eit utrulig lystig lag var det også. For ein fin gjeng.

Skål for kokken!

Vedlig mild og rund akevitt, ifølge dei som drakk den. Lurer på korleis formen er i dag…

Vi fekk også helst kjapt på tvillingpappa to be, Øystein – med termin 12 dagar etter oss. Tenk – tvillingar!
Etikettar: fest, folk, mat, oslo, vinter
1 kjekk kommentar »
torsdag 19. januar 2012

Til bursdagen i desember fekk eg gavekort hos Norway designs av mamma og pappa. I utgangspunktet tenkte at at det skulle brukast til å kjøpe ein heil masse ting, men då eg såg dette fanatastiske grå perlestrikka sjalet frå danske Beck Sondergaard var eg solgt.

Som sagt er eg i gang med å sy babykle. Blant anna ei fin lita rosa bukse med snøring i beina. Det fine båndet er frå den litt anonyme symaskinbutikken i kvadraturen, som overraska meg med eit kjempestort utval knappar og bånd då eg jobba i nabolaget, og tilfeldigvis gjekk innom mens eg venta på trikken ein dag. Verdt eit besøk.

Ingenting redder dagen som litt fin neglelakk. Instant pynt.

I samband med utflytting av kontor og gjesterom og innflytting av barnerom, måtte vi rydde gjennom ein kommode full av rot. Der fann eg blant anna masse smykker som eg hugsar å ha lagt der då vi flytta inn, fordi eg ikkje hadde nokon annan plass å legge dei akkuart då. Blant anna fann eg dette fine steinarmbandet eg kjøpte i Kina, og som eg heilt hadde gløymd. Eit gledeleg gjensyn.

Som gravid er det enormt kjedeleg å gå i klesbutikkar, fordi ein må rekne inn ein voksande mage i alle potensielle innkjøp. Ein grå ettermiddag forrige veke følte eg meg skikkeleg gravid og uformeleg, samtidig som eg gjekk i butikkar og venta på at Nikolai skulle bli ferdig på teatret. Inne hos Cecilie Melli fann eg redninga. Desse øyredobbane ropte kvardags-bling mot meg, og eg følte meg umiddelbart mykje finare med ein gong dei var innkjøpt. (Men dei er jammen skikkelig bling…)

Fin kelim frå haustens tur til Istanbul. No ligg det i stua under sybordet frå mormor.
Etikettar: favorittar, inne, maridalsveien, vinter
1 kjekk kommentar »
torsdag 19. januar 2012


Såklart har eg begynt å sy babykle. Og eit mai-barn må jo få ei sommarbukse etterkvart. Denne kortbuksedressen er sydd etter mønster frå mamma si gamle og fillete 70-tallsmønsterbok, og stoffet er frå eit fint sengetøy eg kjøpte på loppis for nokre år sidan. Så gjenstår det berre å sjå om/når den blir passeleg. Dette med størrelsar synst eg er vanskeleg, for sjølv om boka seier at den er størrelse 3 mnd, og eg dermed har minska den litt for at den skal vere passeleg i juni/juli istaden for august/september, synst eg likevel det ser veldig smått ut. Men dei er kanskje så små i starten?
Etikettar: babyførebuing, heimelaga
1 kjekk kommentar »
torsdag 19. januar 2012

I London tidleg i haust gjekk vi i ein fin leikebutikk og kjøpte den aller første tingen til den kommande babyen. Bamsen heiter Elmar, ifølge ein lapp han har i øyret. Eg ville at vi skulle dikte opp ei fin historie om korleis engelske Elmar kom frå London og heim til oss i Maridalsveien. Nikolai derimot, kom umiddelbart opp med ei heilt anna historie. Elmar er nemleg frå Toten, ifølge han, men reiste til London som sirkusartist. Det gjekk temmelg dårleg, og Elmar blei nødt til å selge seg sjølv i butikken for å finne ein måte å komme heim til Noreg på. Og no sit Elmar hos oss og snakkar totning. Ingen pen brite her i huset, nei.
Etikettar: babyførebuing, maridalsveien, oslo
2 kommentarar »
torsdag 19. januar 2012

I helga starta vi på ombygging av ekstrarommet, frå kontor/gjesterom til noko som etterkvart skal begynne å likne eit barnerom. Første etappe var å montere og henge opp Ikea-skap på veggen. Nok ein gong fekk vi erfare at det er skikkelig kukat å borre i murvegg, og etter nokre iherdige forsøk på å “klare sjøl” på lørdagen, måtte vi innsjå at vi trengte hjelp av ein sterk mann. Så vi tilkalte Frode, som vi pleier når noko tungt skal løftast i nabolaget. Neste gang vi flytter skal vi ha treveggar i alle rom. (Og badekar, balkong, heis, peis og utsikt, akkurat som vi skulle då vi flytta til Maridalsveien. Vi fekk i det minste sentralfyr, nyoppussa bad og tregolv. Inntil vidare får vi vere nøgde med det.)
Neste etappe er å flytte ut skrivebord, musikkinstrument og Mac, og flytte inn vogga pappa lagde til meg då eg blei født. Men først må vogga komme med ekspress frå Vestlandet.
Etikettar: babyførebuing, folk, inne, maridalsveien, oppussing, oslo
1 kjekk kommentar »
torsdag 19. januar 2012

- Hei Doffen, skal vi gå heim?
- Nei, la oss ligge her litt til. Sjå om det er noko som skjer.
Pause.
- Hei Doffen, skal vi gå heim?
- Nei, la oss ligge her litt til. Sjå om det er noko som skjer.
Pause.
- Hei Doffen, skal vi gå heim?
Osv.
Etikettar: oslo, ute, vinter
Ingen kommentarar »