Gratulere med dagen!

torsdag 17. mai 2012

17.mai for oss blei feira med morgonbesøk av mamma og pappa, som fekk sjå Iben for første gong. Deretter gjekk vi ned på Kiellands plass til hyggeleg 17.mai-frukost hos Frode og Gunnar.

Iben feira sin første nasjonaldag i solkjolen eg har sydd av besta til Nikolai sin gamle, broderte duk.

Ein glad oppvaskar.

Mormor og morfar møter Iben

torsdag 17. mai 2012

Trilletur

onsdag 16. mai 2012

I dag har vi testa kor langt vi kan gå på tur utan at Iben går heilt i protekt. Først var Iben ute på sin første busstur. Den gjekk til Ensjø, av alle stadar, fordi eg og Nikolai har funne ut at vi blir nødt til å kjøpe oss regnkle no som vi blir nødt ut på tur kvar einaste dag. Og dei siste dagane har lært oss at paraply og vognkøyring ikkje er heilt foreinleg. Så som ekte vestlendingar kjøper vi oss oljehyre frå Helly Hansen. Type svart. Eg trur faktisk eg har totalt tre slike regnsett no, fordelt utover ulike stadar i landet. Og på Ensjø har dei butikken Proffklær. Og i motsetnad til alle sportsbutikkane i byen, som berre sel dyr Goretex, sel Proffklær klassiske regnkle. Etter det spennande innkjøpet, tok vi beina fatt på omvegar heimover. Først gjekk turen til fine Lille Tøyen hageby, der vi kjøpte is.

Deretter gjekk vi innom Botanisk hage på Tøyen og såg på fine vårblomster. Men så begynte Iben å protestere, og vi tøyde tålmodet vel langt når vi i tillegg gjekk innom butikken på veg heim. Frå Ringnes til Maridalsveien hylte derfor Iben høgt og hjerteskjerande. Så no veit vi at den turen er for lang utan pause med mat og bleieskift.

Forsøk på familiefoto

onsdag 16. mai 2012

Fastobjektiv er ikkje tingen her, tydeligvis.

Ein baby for sin hatt

tirsdag 15. mai 2012

Iben har fått pakke i posten frå Kina – ei silkedyne og denne fantastisk fine hatten/hua.

Litt i største laget enda, kanskje, men eg ser for meg at denne kanskje kan gjere suksess i barnehagen ein gong. Kanskje på Ibens første karneval?

Besøksbonanza

søndag 13. mai 2012

Dei siste dagane har Iben opna dørene for besøk. Veldig kjekt.

Av Aileen fekk Iben desse kjempefine små sokkane som Aileen hadde strikka til ho. Tusen takk!

Og Iben har begynt å figurere i bloggverda. Ta ein kikk på Mariann sin blogg!

Fotosession

lørdag 12. mai 2012

Kl seks i dag tidleg var Iben lys vaken, og eg hadde ikkje noko anna val enn å stå opp, så då nytta vi tida til litt fotograferingsverksemd. Vi må jo øve oss på å ta bilder til takkekort. Iben såg veldig skeptisk ut på dei fleste bildene, men her er nokre der ho iallefall ikkje ser misfornøgd ut. Vi synst ho er veldig fin.

Enda fleire pakkar

lørdag 12. mai 2012

Iben fortsetter å få kjempefine pakkar. I dag fekk ho denne utrulig fine uroen til vogna si, som Ingvill har hekla innimellom oppgåveskriving i sluttspurten av psykologistudiet!

Dessutan fekk ho kjempefine blomster frå teatersjefen på Det norske teatret i dag. No har vi masse rosa blomster i stua.

Pakkar i posten!

fredag 11. mai 2012

I dag har Iben fått kjekke pakkar i postkassen frå både grandtante Beate og frå mormor. Mormor i Naustdal har strikka dette kjempefine teppet i merino-ull. Mjukt og godt. Det kjem nok til å bli mykje brukt. Tusen takk, begge to!

Endeleg litt nattesøvn

torsdag 10. mai 2012

I natt har både Iben og vi sove fleire timar i strekk i fleire omgangar. Det kjennes som ein enorm luksus, etter fleire netter der eg har vore heilt sikker på at eg aldri vil få sove igjen nokon sinne, og blir nødt til å venne meg til eit liv utan søvn.

Iben fortsetter å sove mesteparten av dagen i tillegg, og i dag har vi måtta vekke ho til måltida. Men vi var ein snartur innom helsestasjonen for vektkontroll i dag, og veslejenta har allereie rukke å ta igjen fødselsvekta si + legge på seg 50 gram. Vi klappar oss sjølve på skuldrene, alle tre. (Neida, ho smiler ikkje med vilje enda. Men ho smiler stadig vekk i søvne.)